Slektsgreiner

frå Kulstad i Vefsn

og

Innerdal i Korgen i Sør-Rana.

Ved Erik Ottesen.

1938


Stutt utdrag og samandrag til ei ættetavla vedkomande

1. Den sokalla "Kulstadætta" i Vefsn, og

2. Ei grein av "Bryggfjelldalsætta" frå garden Innerdal i Korgen.

(Ved lærar og kyrkjesongar Erik Ottesen.)

Merknad: Tilfanget vedkomande Kurstadætta er teke noko frå boka "Storjorden", skrive av J. M. Ingebrigtsen, Fagerbakken i Hattfjelldal, og noko frå ættegranskingar av M. Jakobsen, Sandnessjøen, som har skrive boka "Alstadhaug Kanikkegjeld". Men det meste er samla frå kyrkjebøker og frå slektningar og kjenningar som har vore hjelpsame, og som eg med denne tavla send mi beste helsing og takk!

1. Kulstadætta.

Denne ætta skal etter J. M. Ingebrigtsen og sume andre vera innflutta i gamal tid frå Jamtland. Men den fyrste eg har fått litt kjennskap til var ein lensmann Anders Hals, som budde på garden Hals i Vefsn. Og ein sonesons son av han var

1): - Lars Andersen, f. 1673, brukar på garden "Hålo" på Kulstad i Vefsn frå 1700 til 1744. Hans born var:

a. Mogens eller Mons Larssen, den eldre, f. 1710, d. 1778, og var brukar på Hålo på Kulstad til 1770. Han var namgjeten felespelar og det gjekk fråsegn um at når han spela i brudlaup, kunde han spela fela upp slik, at um han la ho frå seg og gjekk burt, so spela ho like godt uppe på slagbjelken til han kom att.

b. Anders Larssen tok upp rudningsplass på Varntresk ved Røsvatne 1736, var g. m. Beret Josefsdotter frå Åremma i Vefsn. Dei hadde visst berre eit barn, nemleg

2): sonen Josef Andersen, Varntresk, g. m. Gunhild Nilsdotter frå Hattfjelldal. Og dei hadde desse borna:

1. Nils Josefsen, drukna i Røsvatne vel 20 år gl.

2. Bendigt Josefsen, f. 1769, d. 17.04.1862, var g. m. Marlene Thomasdotter frå Krutåg, d. 08.03.1866, 95 år gl.

3. Anders Josefsen, g. m. Martha Sørensdptter. Dei budde ei tid i Kongsdal.

4. Lars Josefsen, f. 1777, d. 1851, g. m. Karen Kristoffersdotter, d. 23.09.1857. Dei budde på Tortenli. Sjå seinare um dei org borna.

5. Johannes Josefsen, f. 1781, d. 14.04.1829, var g. m. Kirsti Ingebrigtsdotter frå Ånes i Vefsn, d. 09.05.1863, 83 år gl. Dei budde på garden Almdal. Sjå seinare um dei og borna.

6. Karen, d. 22 år gl. og ugift.

7. Beret, d. ugift.

Dei fyr nemde Lars Josefen og Karne Kristoffersen hadde desse borna:

1. Kristoffer Larssen, f. 1806, d. 1888, var g. m. Karen Davidsdotter frå Rana, f. 1821, d. 1901. Dei budde heile si tid på Tortenli.

2. Gunhild Larsdotter, g. m. Mikkel Kolbendsen Bessedør.

3. Pernille Larsdotter, g. m. Nils Kjøniksen, budde ved Øvre Jovatn i Sverike.

4. Jonille Larsdotter, g. m. Jon Johansen, Kvalbukta.

5. Beret Larsdotter, g. m. Peder Oluf Nilssen, budde på Skarmodal.

6. Anne Larsdotter, g. m. Elias Solhaug i Korgen og budde der.

7. Karen Larsdotter, g. m. Jon Jeremiassen, Røsvassbugt, og budde der.

Kristoffer Larssen Tortenli overlet garden til sonen David Kristoffersen, g. m. Karen Olsdotter frå Varntresk, so overlet David garden til sin son, Ole Davidsen, som no er brukar på Tortenli.

Merknad: Den fyrr under 1, a nemnde Mons Larssen, den eldre, var g. m. Alette Larsdotter frå Øya i Vefsn, og dei hadde garden Hålo på Kulstad. Deira son, Lars Monssen, vart so brukar på garden til 1796. Etter han vart sonen, Mons Larssen, den yngre, brukar. Han var namngjeten felespelar. Etter han vart so desse brukarar på Hålo: - Lars Andersen, so Ole Olsen, som var den fyrste og mangeårige ordførar i Vefsn. Kring 1870 gav han garden til versonen sin, Jakob Nilssen.

Fyrr er nemnd under 5: Johnannes Josefsen, Almdal, g. m. Kirsti Ingebrigtsdotter frå Ånes i Fustvatsbygda. Han var gardbrukar på Almdal, og samstundes var han og lensmann i grendene kring Røsvatne i Hattfjelldal. Han og Kirsti hadde desse borna som alle var f. på Almdal:

a): Josef Johansen, f. 05.09.1810, og

b): Jakob Johansen, f. 10.02.1813. - Begge desse brørna rende seg ned på skeisor og drukna i Røsvatne 07.01.1831. Ein tridje kamerat som var med, fekk haka seg fast til iskanten med tollekniven og vart soleis berga.

c): Gunhild Johansdotter, f. 28.09.1815, g. m. Benjamin Larssen frå Bjørnå i Vefsn. Sjå nærmare um dei og borna i "Ættegreina frå Eiteråholmen i Vefsn".

d): Ingebrigt Johansen, f. 17.04.1817, d. 18.11.1885. Han var g. m. enkja etter Ole Andersen Hattfjelldal, Beret Olsdotter frå Ruderås, f. 23.12.1809, d. 08.10.1902. Sjå nærmare um dei og borna i "Ættegreina frå Hattfjelldal".

e): Maren Hass Johansdotter, f. 15.07.1819, d. i Mosjøen 10.09.1907 89 år gl. Ho var g. m. Jon Ottesen frå Innerdal i Bryggfjelldal i Korgen. Sjå nærmare um dei og borna under garden Sundsli vedkomande "Bryggfjelldalsætta".

f): Anne Johansdotter, f. 21.02.1824, g. m. Peder Larssen. Sjå nærmare um dei og borna under "Ættegrein frå Stimo i Vegsn".

g): Jon Johansen, f. 18.07.1824. d. 25.12.1894. Han var g. m. syskendbarnet sitt, Jonille Larsdotter frå Tortenli, i 1824. d. 13.08.1916. Sjå nærmare um dei og borna under "Ei ættegrein frå garden Kvalbugta ved Røsvatne".

Ættegrein frå Eiteråholmen i Vefsn.

Fyrr er nemnd Gunhild Johansdotter frå Almdal i Vefsn, f. 28.09.1815, g. m. Benjamin Larssen frå Bjørnå i Vefsn. Dei hadde garden Eiteråholmen i Vefsn til sin død. Og dei hadde desse borna:

a) Johan Benjaminsen, utflutta til U.S.A.

b) Lars Kristian Benjaminsen, f. 14.04.1842, g. m. Karen Anna Jonsdotter frå Kvalbugt I Hatffelldal, f. 01.06.1853. Dei var syskendborn og budde på Eiteråholmen til hans død 25.04.1915. Kona lever enno (1938) på garden som kårkone.

Lars skreiv seg: Lars Holmen. Forutan farsgarden Holmen eigde og dreiv han ein gard med sagbruk i Vista i Tjotta. Han var ein stor, klok og drivande kar og ein av dei fyrste bønder i Vefsn som førde fullkomen rekneskap over sitt gardsbruk og næringsliv, var mykje med i heradsstyret, var agronom frå Nordlands Landbruksskule, var ihuga vinstremann, norskdomsmann, målmann og ein framtøk fyregangsmann på mange umkverve. Han og kona hadde desse borna:

1. Bjørn Johan Larssen, f. 07.03.1875, d. 18.10.1876.

2. Kristine, f. 07.05.1876.

3. Bjørn Johan, f. 12.08.1877, d. 13.06.1887.

4. Gunnar Berg, f. 09.07.1879, d. 27.09.1880.

5. Anne Dorthea, f. 14.05.1881.

6. Einar Berg, f. 17.03.1883, d. 02.09 same år.

7. Gunhild Bergitte, f. 04.09.1884, f. 30.07.1885.

8. Jenny Johanna Bekk, f. 06.10.1887.

9. Olav Berg, f. 12.08.1890, d. 28.02.1892.

10. Bergitte Gunhilde Emilie, f. 04.05.1893, d. 12.09.1918.

11. Lotte Karoline, f. 04.10.1895.

c) Jakobine Benjaminsdotter, f. 01.11.1843, d. på Svenningdal 08.05.1920. Ho var g. m. lærar Hans Gerhard Abel, f. 09.12.1848 i Aure prestegj. på Nordmøre, d. på Øvre Svenningdal i Vefsn. Han vaks upp på garden Skibnes hjå bonde Johan Scheus, gjekk på Klæbu lærarskule, flutte so til Mosjøen der foreldra hans då budde, vart so lærar i Vefsn, der han verka i 45 år i mange spreidde krinsar, soleis Herringen, Fustvassbygda, Eiterådal, Fiplingdal, Holmvassdal og Øvre Svenningdal, der han d. 18.12.1920. Han og Jakobine hadde desse borna:

a: - Bergljot Gunhild, f. 27.04.1879 på Eiteråholmen, g. m. Ludvig Olsen, Øvre Svenningdal, f. 20.01.1875. Dei bur på ein rudningsplass, Moen, og har desse borna:

1. Hildur Jakobine, f. 04.05.1903, g. m. Johan Olausen Bogfjellmo, bur i Svenningdal og har 2 eller 3 born.

2. Arne L. Moen, f. 22.05.1905, g. m. Jenny, dotter til Ludvig Øyum og Johanna, f. Vanderås. Dei bur på ein nyrudningsplass ved Majavatne og har 1 barn, Synnøve, umlag 4 år gl.

3. Vilhelm L. Moen, f. 01.10.1908.

4. Karl L. Moen, f. 02.06.1910, er g. og bur i Svenningdal.

5. Lilly, f. 28.09.1915 og er g.

6. Hans Gerhard, f. 19.11.1920.

b: - Malfrid Amalie, f. 16.04.1882, g. m. Vilh. Smalås, f. 30.06.1877. Dei bur på garden Smalås, brukar garden og har sagbruk og hyvleri. Deira born:

1. Johanna Jakobine, f. 24.04.1902.

2. Helga Iverine, f. 21.02.1905, g. m. Roland Bjørhusdal f. 04.12.1894, bur på Bjørtun ved Bjørhusdal og har 2 born: Olav, 9 år, og Roald, 3 år gl.

3. (Hans?) Ivar, f. 30.08.1909.

4. Vidar, f. 27.05.1913.

5. Aasa, f. 20.03.1919.

6. Reidar, f. 08.12.1920.

7. Guttorm, f. 28.07.1925.

c: - Johan Kristoffer Abel, f. 01.10.1883, g. m. Amanda (dotter av Ole Steinvik, Svenningdal). Ho f. 14.07.1887 og d. 20.07.1934. Dei har ein son: Alf, f. 24.06.1919 og han og farn bur på småbruket "Alfheim" ved Smalåsen.

d: - Halvdan Abel, f. 10.05.1885, g. m. Magda Engstrøm, f. 30.03.1906. Dei bur på "Aasly" ved Smalås og driv med jordbruk, revegard og handelsforretning. Deira born:

1. Haldis Jakobine, f. 13.03.1928.

2. Eli Josefa, f. 13.05. 1929.

3. Halvor, f. 09.01.1934.

e: - Adolf Abel, f. 02.02.1887, d. 03.07.1934, var g. m. Agdis, f. 20.02.1898. Ho var dotter av Anders Pedersen Stimo og Anne Dorthea Jonsdotter frå Kvalbukta. Deira born:

1. Alfred Kristoffer, f. 06.07.1924.

2. Ole Henrik, f. 06.04.1926.

3. Gunvor Adele, f. 01.04.1928.

4. Hans Gerhard, f. 18.12.1931.

Adolf Abel var anleggsarbeider og ferdast soleis på mange plassar, siste år ved Nordlandsbana. Gjekk eft kursus ved Elementærtekniske skule, hadde ymse tillitsyrkje i det kommunale og var den fyrste ordførar i Grane, etter at Grane var utskild frå Vefsn kommune. Han rudde seg ein fin heim, "Skoglund" ved Majavatne.

d) Jørgine Benjaminsdotter, syster til Lars Holmen, g. m. Benjamin Lille-Vatne i Eiterådalen, emn ho døydde snart, og um ho hadde born etter seg veit eg ikkje.

e) Olianna Benjaminsdotter, g. m. Elias Steinli i Eiterådalen.

f) Nils Benjaminsen utvandra ug. til U.S.A.

g) Klaus Benjaminsen utvandra ug. til U.S.A.

h) Maren Benjaminsdotter, g. m. Lars Jonsen frå Kvalbugta. Sjå nærmare um dei i ættegreina frå Kvalbugt.

i) Elise Benjaminsdotter utvandra ug. til U.S.A.

j) Gustav Benjaminsen utvandra ug. til U.S.A.

Ættegreina frå Hattfjelldal

Ingebrigt Johansen, son åt Johannes Josefsen frå Almdal i Vefsn og f. på Almdal 1817. Han var g. m. Beret Olsdotter frå Ruderås, f. 23.12.1809, d. 1902. Dei bygsla "Yttergarden" i Hattfjelldal og budde der til sin død. Dei bruka garden frå 1844 til 1870. Ingebrigt døydde der som kårmann 1885. Han var gløgg og evnerik, hadde sers god songargivnad og var nytta til songar ved umlag 100 gravferder, var skulelærar i 5 år fyrr han gifta seg og nokre år seinare og, gjekk ved Røveruds songkursus i Bodøy, var i mange valbolkar med i formannskapet, ogso som varaordførar, møtte som ordførar og valmann i Bodøy, ogso som ordfører til møtes med kong Oscar II på Hemnesberget 1873. Han var ihuga jåbækianar, skipa Hattfjelldal bondevenforeining 1869 og var formann i mange år, var ogso forlikskommissær. Han d. hausten 1885. Han og Beret Olsdotter hadde desse borna:

1. Ole Johan Ingebrigtsen, f. 06.05.1845, d. 22.09.1933, var g. m. jordmor Oline Larsdotter frå Gryteselv, f. 15.04.1847, d. 20.12.1928. Ho var den fyrste jordmora i Hattfjelldal. Dei hadde Yttergarden etter Ingebrigt. Ole Johan var ein drivande jordbrukar, var mykje med i heradsstyre og formannskap. Han og Oline hadde desse borna:

a: Inge Johan Olsen, f. 21.05.1871, g. m. Dina Kristoffersdotter frå Vesterbukta ved Røsvatne. Han hadde farsgarden, var ein dugande drivar, var ogso handelsmann og hotelleigar, mykje med i heradsstyreog formannskap, var ogso ordførar dei siste år til sin død. Kona styrer framleis hotellet. Dei hadde desse borna:

1. Olav Olsen, f. 21.07.1901.

2. Halfrid, f. 03.02.1905.

3. Ragna, f. 04.11.1908.

4. Kåre, f. 07.02.1910.

5. Sverre, 03.10.1911.

6. Oddveig, f. 17.06.1913.

Inge Johan Olsen døydde 14.06.1919, og kona Dina Kristoffersdotter var f. 01.11.1873.

b: Lars Fredrik Olsen, f. 14.05.1872, g. m. Anne Larsdotter frå Stabsforsmo i Grane, og dei bur framleis på Stabforsmo.

c: Ottar Olaus Olsen, f. 11.03.1874, d. 18.06.1932, var g. m. Ellen Hemmingsdotter frå Sjåvik, f. 02.11.1870. Dei hadde garden Slettbakken i Hattfjelldal og hadde desse borna:

1. Oddgeir Slettbakk, f. 18.03.1901.

2. Oddbjørg Slettbakk, f. 07.08.1902.

3. Hemming Slettbakk, f. 13.05.1904.

4. Arne O. Bakken, f. 24.11.1905.

5. Einar Slettbakk, f. 30.04.1907, d. 1916.

6. Jon Slettbakk, f. 12.03.1909, d. 24.11.1937.

7. Ragnar Slettbakk, f. 01.03.1911.

8. Hjørdis Slettbakk, f. 27.04.1913.

9. Margit Slettbakk, f. 18.08.1915.

d: Luise Aminda Olsdotter, f. 13.01.1876, g. m. Lensmann og seinare lappefut i Nordland Egil Havig, f. på "Nyrud" i Vefsn 16.11.1865. Han var i Amerika frå mai 1886 til juli 1894. So lensmann i Hattfjelldal frå 01.07.1897 til 30.06.1911. So lappefut i Hattfjelldal frå 01.02.1910 til 15.04.1932. I 1906 kjøpte han garden "Kjerkstad", ein part av Yttergarden i Hattfjelldal, der han og huslyden bur i ein velstellt heim. Stovebyggninga er den gamle kyrkja i Hattfjelldal, som han kjøpte og flytta til Kjerkstad. Sakristiet, som eg var døypt i, har dei til matstova, og der smaka maten godt sist eg var der. Kjerstad er ein uneleg heim å koma til, og lærerikt og forvitneleg er det å røda med den kvikke og kloke Havig og høyra um hans mange røynslor både i Amerika og her heime. Han og kona havt desse borna:

1. Dagfrid, f. 14.01.1899. Ho har millomskuleeksamen og bur no i Asker.

2. Bodvar, f. 06.12.1906, er diplomingeniør frå Noregs tekniske høgskule 1933, er no assistentingeniør ved Nordlandsbana og bur i Elsfjord.

Far åt Egil Havig, C. M. Havig, var lensmann i Vefsn og i lange tider stortingsmann og lagtingspresident, ein framifrå evnerik og traust norskdomsmann. Etter han er sonen Thorleif lensmann i Vefsn, og ein son av han er no prest i Hattfjelldal. Egil Havig er ein traust norskdomsmann og fråhaldsmann.

e): Marie Lovise, f. 20.02.1880, d. 13.03.1933, var g. m. lærar og klokkar Ole Tustervatn Hattfjelldal. Deira einaste barn Aasta er g. m. Björnar Bugge, og dei bur på Nyborg i Hattfjelldal.

f): Birgitte Kristine, f. 31.08.1881, g. m. Albert Lukkassen Kroken i Hattfjelldal.

g): Jakob Mikael Hattfjelldal, f. 13.05.1885 på Hattfjelldal. Eks. frå Elverum lærarskule og Gyl landbruksskule, var lærar i Kvænangen 1912-13, i Saltdal 1913-20, no Utskarpen i Sör-Rana sidan 1920, er g. m. Elise Lukkasdotter frå Kroken i Susendal. Har ikkje born. Dei ha kjöpt og bygd seg ein fager heim uppe i skogen umlag 2 km. frå kyrkja i Hattfjelldal. Det kan bli ein fin turistheim i framtida.

2. Kristine Ingebrigtsdotter, f. 10.02.1847, d. 26.11.1917, var g. m. bonde Kristian Mikkelsen Bessedør. Sjå nærmare under ættegreina frå Bessedør.

3. Nikoline Ingebrigtsdotter, f. 05.06.1849, d. 16.04.1865.

4. Johan M. Ingebrigtsen, f. 16.04.1851, g. m. Lorentse Pedersdotter frå Ørjedal, f. 1862. Han var i mange år handelsmann på Kjerkstad i Hattfjelldal, distriktskommissær i rundt 40 år, var med å skipa Hattfjelldals skytterlag og form, i dette i mange år, forlikskommissær 1882-94, fattigstyreform. 1882-89, kommue-ettersysnsmann ei lang tid, skulestyreformann 1912-17, settelensmann 1917, universitetsinnsamlar av folkeminne 1924-29 m. m. Han var ei lang tid vaksinatør i heradet. Han s,reiv og fekk prenta boka "Stordjorden, um Hattfjelldalens bebyggelse m. m." 1923. Skreiv og eit rikt "Bidrag til finnenes bygdehistorie og etnografi", prenta 1934. I nokre år til 1927 bruka han ein part av Fagerbakken øvst i Ørjedal, og no bur han der som enkjemann og kårmann, 87 år gl. (1938). Han og kona hadde desse borna:

a) Bernhardine Otthea, f. 27.09.1882, g. m. Øystein Larssen. Dei bur i eigne hus på Halsøy og dei og borna har arbeid ved Halsøybruket eller Næsbruket.

b) Dorthea Nikoline, f. 10.11.1883, g. m. gardbrukar og sjølveigar Anton Johansen Bustadmo i Vefsn. Dei har ikkje born.

c) Brynhild Johanna, f. 02.06.1885, g. m. Konrad Arnsten, garbrukar og sjølveigar på Ørjedal.

d) Ingebrigt, f. 17.07.1887, g. m. Lovise Lukkasdotter frå Kroken. Dei eig og brukar farsgarden, hovudbruket på Fagerbakken, og har 2 born.

e) Peder Sigvard, f. 01.09.1889, d. ug. 1908.

f) Aslaug, f. 13.10.1891, d. berre nokre vikor gl.

g) Johan Aasmund, f. 22.07.1895, g. m. Agdis frå Skog i Vefsn. Eigar og brukar av ein part av Fagerbakken. Dei har 3 born.

h) Olav, f. 03.12.1900, g. m. Karlotte Fransen i Stamsund, der han er fotograf og driv elektrisk forretning.

i) Vigdis, f. 24.02.1904, har gått folkehøgskulen og er ugift.

5. Olaus Anton Ingebrigtsen, f. 22.01.1853, seminarist frå Troms 1877, lærar i Susendal. G. m. Karen Person, dotter av Hans Person og Maren Sørensen frå Østvand i S. Odalen. Dei flutta til Hattfjelldal og budde på garden Vefsnmo frå sist i 1860-åra til deira død, båe vel 80 år gl. Han var skogbetjent for "Det Engelske Co". Olaus A. Ingebrigtsen var seinare lærar i Hattfjelldal 1922. Han var ymist nytta i kommunale gjeremål i herad-, skule- og fattigstyre, var revisor for bank- og kommunerekneskapen umlag 20 år, var valmann frå Hattfjelldall 1885 og i 90-åra frå Tjotta, var med i styret i Nordland skyttarsamlag sidan dette vart skipa og seinare i Vefsn skyttarsamlag til han i 1915 bad seg fri. Nokre år var han formann i "Tjotta fiskerikreds". Sidan han slutta som lærar bur han på Nesna hjå ei gift dottor der. Kona hans er død for mange år sidan. Han og kona hadde desse borna:

a) Ingebrigt Olaus, f. 15.11.1879, d. i Alaska 1906.

b) Hans Jakob, f. 07.06.1881 og bur i Seattle, Wash., U.S.A.

c) Olav Mikal, f. 07.06.1885, d. i Montana, U.S.A. 1917.

d) Beret Nikoline, f. 13.04.1890, g. m. lærar og klokkar i Nesna, Johannes Johansen, frå Flatøy i Tjotta. Dei bur på Nesna og har desse borna:

1) Brynhild, f. 26.09.1914.

2) Unlaug, f. 13.06.1916.

3) Karen, f. 03.08.1921.

4) Ulrik, d. nokre dagar gl.

e) Maren Ranveig, f. 11.04.1893, g. m. skivskaptein Lorents Johansen frå Flatøy i Tjotta. Dei bur på Sandnessjøen og har desse borna: Kari, f. 26.12.1914, Synnøve, f. 17.11.1917, Olav, f. 24.06.1921, og Alvhild som d. 2 år gl.

f) Brynhild Marie, f. 17.12.1885, d. 1908.

Her vil eg taka med eit tragisk og komisk minne: - Den 21. januar 1879 reiste Olaus A. Ingebrigtsen og eg, Erik Ottesen, saman frå Hattfjelldal til Vefsn. Han skulde til Mosjøen og gjera innkjøp til brudlaupet sitt. På ski vilde vi taka stuttaste vegen over Røsvatne og Jamtfjellet. Det var klårt og kaldt, -30 gr. C. då vi tok til fjells, men høgt uppe kom austavinnen brakande etter oss som or ein sekk. Å snu attende mot stormen var meiningslaust. Vi kom oss då på høgda og skulde sette nedover på andre sida av fjellet mor Herringbygda, men stormen hadde då alt blåst vekk snøen so det var berre bergknausar og is og holke. Vi måtte då bera skiene på nakken og vart kasta ned gong på gong av stormkulingar, og kolande myrkt var det, og seint gjekk det, berre med sneglefart. Umlag kl. 20 fann vi sp ein liten snøskavl og måtte til å grava oss inn og laga eit lite hi. Vi stappa so skiene ned uppe op skavlen som eit gravmerke og kraup so inn i hiet, uvisse på liv eller død, og passa vel på einannan so ingen skulde få sovna av inn i dauden. Vi måtte arbeida i snøen for å halda oss varme, men då bråna snøen, so vi vart våte heilt til skinnet og det vart fæsleg kaldt. Men vi berga livet og kom fram til folk næste dag. Åtte dagar seinare vart det brudlaup på Vefsnmo til næstkomande tysdag, vel åtta dagar. Og der gjekk det varmt til - mykje varmare enn i snøskavlen på Jamtfjellet. -

Ei ættegrein frå Stimo i Vefsn.

På Stimo budde Peder Larssen, g. m. Anne Johansdotter, f. 1821 på Almdal, dotter av Johannes Josefsen Almdal, og dei hadde desse borna:

1): Johan Pedersen Stimo, g. m. Beret Nilsdotter frå Ravnå i Vefsn. Dei budde på ein større plass under garden Kvalfors og hadde mange born, men desse har eg ikkje fått nærmere kjennskap til. Johan var ein mannsalder rorskar åt ein engelsk lord som kvar sumar dreiv laksefiske i Vefsnelva, og i den tid var det ofseleg mykje laks i elva. Ein gong tok lorden rorskaren Stimo med seg til London, vilde skaffa han eit raust storkarsliv der ei tid. Man Johan Stimo fann dette storkarslivet keidsamt i lengda og vilde snart fara heim att. Lorden rådde stert til, at han måtte vera i London til næste laksefiske skulde taka til, men fåfengd - Johan Stimo strauk snart heim!

2): Jakob Pedersen Stimo budde i Mosjøen.

3) Lars Pedersen Stimo, g. m. ei gjente frå Kvalfors og dei budde på plassen Bengtsenget ovanfor Kvalfors.

4): Kristine Pedersdotter Stimo, g. m. Nils Steinli og dei budde på Stimo.

5): Anders Pedersen Stimo budde på Bengtsenget og var g. m. Anne Jonsdotter frå Kvalbukta, uppfostra på Eiteråholmen.

6): Jon Pedersen Stimo utvandra til U.S.A.

Ei ættegrein frå garden Kvalbukta ved Røsvatne.

Garden Kvalbukta var teken upp og rudd i 1850 av Jon Johansen, f. 18.07.1824, d. 25.12.1894. Han var son åt Johannes Josefsen og Kirsti Ingebrigtsdotter på Almdal i Vefsn og g. m. Jonelle Larsdotter frå Tortenli, f. 1824 og d. 13.08.1916. Dei budde på Kvalbugt til sin død og dei hadde desse borna:

1): Johan Kristian Jonsen, f. på Tortenli 05.06.1848, d. 16.10.1937 på Røsvassbukta der han var gardbrukar og til slutt kårmann. Han var g. m. Olianna Kleofa Gullesdotter og ho lever enno, 1938, som kårkone. Dei hadde desse borna:

a) Johan.

b) Gulle, g. m. Jette Tanke frå Mosjøen og bur på Sundsås.

c) Kornelius.

d) Oline, død. Ho var g. m. ein gut frå Sannes ved Røsvatne.

Johan og Kornelius er g. m. tvo systrer frå Bjørkåsen. Johan Kristian Jonsen var ein sterk og ihuga arbeidsmann, stillfarande, fredeleg, kameratsleg og er mykje saknad av alle som kjende han.

2): Lars Andreas Jonsen, f. 29.01.1851 på Kvalbugt, var g. m. Maren Benjaminsdotter på Eiteråholmen i Vefsn. Han d. 1915. Dei budde ei tid på garden Eiteråholmen, men flutta seinare til garden Laksforsmo. Dei hadde desse borna:

a) Benjamin Larssen, f. 10.09.1875.

b) Anne Jørgine Larsdotter, f. 10.01.1877.

c) Johan Petter Larssen, f. 19.01.1879.

d) Lovise Marie Larsdotter, f. 30.07.1880.

e) Gunhild Dorthea Larsdotter, f. 29.05.1883.

f) Inga Johanna Larsdotter, f. 04.03.1885.

g) Jon Kristian Larssen, f. 28.10.1888.

Ei dotter Gunhild Dorthea, f. 04.02.1882, d. 19.02.1883, og Birgitte Karoline, f. 01.03.1887, d. i april 1901.

Merknad: Ovannemnde Lovise Marie Larsdotter (d) er g. m. Andreas Larssen på Laksforsmo, og hos dei bur hans mor, Maren Eriksdotter. Enkja etter Lars Jonsen, Maren Benjaminsdotter, bur på Laksforsmo hos sonen Johan Petter Larssen. Ho er f. 23.03.1852.

Eldste sonen åt Lars Jonsen og merkt under siste a): Benjamin Larssen, f. 10.09.1875, g. m. Gunhild Johannesdotter frå Linvik, f. 21.08.1879, bur på den største parten (hovudbruket) på Eiteråholmen, og dei har desse borna:

a): Eline Jørgine, f. 17.09.1907, er g. m. Johan Glugvasshaug i Grane.

b): Mikal Leonhard, f. 18.06.1909.

c): Arne Berg, f. 22.03.1911.

d): Maren Kristine, f. 09.09.1912.

e): Johan Mathias, f. 21.08.1914.

f): Gudrun Birgitte, f. 23.03.1916.

3): Karen Anna Jonsdotter, f. 01.06.1853, g. m. syskendbarnet sitt, Lars Holmen. - Sjå nærmare ættegreina frå Eiteråholmen.

4): Krsitine Jonsdotter, d. nokre år gl.

5): Kristine Jonsdotter (nr. 2), f. 21.03.1856, d. ugift i Vefsn.

6): Jakob Jørgen Jonsen, f. 17.04.1858, g. m. Anna frå Bleikvassliforsen. Ho er d. for nokre år sidan og han bur som enkjemann på farsgarden Kvalbukta. Deira born var:

a): Anne, g. m. Arne Rabliås og bur der.

b): Halfrid og

c): Jenny, g. m. brørne Bernhard og Karl Jørgensen på Smalsundmo i Korgen. Karl bur på farsgarden og Bernhard på eit nybygg under Bleikvassli.

d): Johan Jakobsen, g. m. Kristine frå Smalsundmo, har no farsgarden Kvalbugt.

e): Oline, g. m. Karl Kaspersen frå Mosjøen og bur på eit nybygg under Kvalbukta.

f): Ei dotter, Jonille, er død.

7): Anne Dorthea Jonsdotter, f. 27.04.1860, uppfostra på Eiteråholmen, og g. m. Anders PEdersen Stimo i Vefsn.

8): Anders Kristian Jonsen, f. 06.03.1862, d. i Mo i Rana var g. m. Andrea Amalie, som no bur på Karlsøy i Trums fylke.

9): Nils Johan, f. 27.12.1867. Han var g. men rende seg ned og drukna i Tustervatnet, og let etter seg kona og eit lite barn (Jonella (?) , som no er g. og bur på Øvre Bleikvassli. Enkja bur visst på Nedre Bleikvassli.

10): Gulle Benjamin, f. 24.08.1864, g. m. ei gjente frå Eiteråli i Vefsn. Dei hadde eit barn, men både mora og barnet er d. og Gulle liver som enkjemann, mest på Sundsås.

Ei ættegrein frå garden Bessedør ved Røsvatnet.

Garden var uppteke i 1802 av Ole Jonsen, son av Jon Olsen, Røsvassbukt, som budde der til 1812. So bruktes garden av Ole Kolbendsen frå Varntresk til 1835. Då flutta han til Björkvassdalen i Tärnaby i Sverike, og broren, Mikkel Kolbeinsen, f. 1813, d. 1904, g. m. Gunhild Larsdotter frå Tortenli, f. 1810, d. 04.09.1987, brukte so garden til 1897. Etter dei brukte sønene Lars og Kristian garden, og seinare berre Kristian som sjøveigar.

1): Lars Mikkelsen, f. 01.10.1836, d. 23.11.1931. Han var g. m. Maren Eriksdotter frå Varnvatne. Umlag1913 flutta dei til Spølremma i Vefsn, der dei budde til hans død. - Dei hadde borna:

1. Mikal Larsen, f. 13.03.1872.

2. Gunhild Larsdotter, f. 11.03.1875, har kjøpt seg hus på Bessedør og bur der.

3. Andreas Larssen, f. 25.10.1879, g. m. Lovise, dotter til Lars Jonsen frå Kvalbugta. Andreas og Lovise bur på Laksforsmo i Vefsn, og hos dei bur no hans mor, Maren Eriksdotter. Mikal Larsen bur framleis på farsgarden Spølrem. Han var g. m. Anne, dotter til Lars Andreas Jonsen på Laksforsmo, men ho d. 1910. Enkja etter Lars Jonsen, Maren Benjaminsdotter, bur no på Laksforsmo.

Merknad: Ovannemde kona til Lars Mikkelsen, Maren Eriksdotter frå Varnvatnet. Hennar far var son til Maren Ingebrigtsdotter frå Årnes i Fustvatsbygda, og ho var syster til Kirsti Ingebrigtsdotter, som var g. m. Johanes Josefsen på Almdal. Maren Eriksdotter frå Varnvatnet, f. 12.11.1846, hadde desse syskend: Ingebord, f. 10.06.1833, - Jakob, f. 21.09.1839, - Johannes, f. 16.05.1843, - Andreas, f. 18.04.1849, - Gurine, f. 13.11.1852. - Desse høyrde soleis til den sokalla Ånesslekta.

2): Karen Elisabet Mikkelsdotter, f. 03.10.1839, d. i U.S.A. 30.11.1921, var g. og hadde fleire born.

3): Kristine Mikkelsdotter, truleg f. 1845, men døde berre 15 vikor gl.

4): Beret Mikkelsdotter, f. 13.09.1842, d. 09.11.1931. Ho var g. m. Jakob Olsen Rabliås i Korgen og budde der.

5): Kristina Mikkelsen, f. 31.07.1847, d. 19.09.1937. Han var g. m. Kristine, dotter til Ingebrigt Johansen Hattfjelldal. No var f. 10.02.1847 og d. 26.11.1917. Kristian og Kristine budde all sin tid på Bessedør og hadde desse borna:

a. Birgitte Nikoline, f. 21.07.1875.

b. Mikal, f. 01.05.1878.

c. Ingebrigt Johan, f. 24.12.1879, er g. m. syskendbarnet sitt, Anne Johannesdotter frå Linvik. Dei har fleire born.

d. Klaus, f. 06.10.1881, g. m. syskendbarnet sitt, Lydia Jakobsdotter, dotter til Jakob Olsen og Beret Mikkelsdotter på Rabliås.

e. Gunhild, f. 30.05.1883.

f. Anne Maria, f. 30.05.1885.

g. Beret Kristine, f. 29.12.1887.

h. Johan Olaus, f. 23.11.1890, g. m. Bergliot frå Kongsdal, dotter til Gunhild Jakobsdotter Rabliås.

6): Johannes Mikkelsen, f. på Bessedør 17.05.1950 og d. på Linvik13.09.1930. Han var g. m. Ellen Marie Olsdotter, f. 28.01.1855 av foreldre Ole Olsen og Ingeborg Eriksdotter Varnvatne, som i 1858 flutta til Linvik der dei tok upp nyrudning og budde sidan der. Johannes Mikkelsen og Ellen Olsdotter tok over garden etter Ole Olsen, og dei hadd desse borna:

1): Gunhild, f. 21.08.1879, er g. m. Benjamin Larssen frå Laksforsmo. Dei bur no på Eiteråholmen. Sjå nærm. under ættegr. frå Kvalbugta.

2): Olaus Ingemann, f. 21.12.1880, bur på Linvik og driv garden. Han er g. m. Karen Davidsdotter frå Tortenli, og dei har win son, Olav Kornelius, f. 25.12.1928.

3): Mikal Kristian, f. 03.01.1883, er ug. men har teke upp ein nyrudning, "Hjartfjelnes", millom Varntresk og Linvik og flutta dit 1930.

4): Anne Marie, f. 26.12.1884, g. 1914 med Ingebrigt Kristiansen Bessedør og budde der til 1935, men flutta då ut til nybygget Heggmo, 1 km. vest for Bessedør. - Dei har havt desse 8 borna: Kristine, Kristian, Ellen, Jenny, Johan, Gunhild (d. nokre vikor gl.), Olav og Mikal.

5): Ingvald Marius, f. 11.04.1887, g. 1925 med Gitte Svartvassmo dotter åt Gabriel Antonsen og Andrine Olsdotter Svartvassmo. Dei bur på eit nybyg, Austvoll, ved Svartvatne i Korgen og har tvo born: Agdis og Øivind, 10 og 4 år gl.

6): Karen Anna, f. 04.04.1889, g. 1916 m. Ola Davidsen Tortenli. Dei har desse 5 born: Dagny, Ellen, Johan, Kåre og Olga. Ola er brukar på Tortenli.

7): Karl Lund, f. 04.06.1891, ug. og bur på sitt nybygg Meisvik millom Hjartfjellnes og Linvik.

8): Olianna Jørgine, f.02.04.1894, g. m. Olav Benonisen Sjelmo, og bur på eit nybygg på Sjelmo. Dei har tvo born: Eivind og Bjørg, 4 og 2 år gl.

9): Emilie Johanne, f. 26.06.1896, ug. bur på Meisvik saman med Karl Lund.

10): Johan Arnt, f. 21.01.1899, g. m. Jenny Nilssen, f. 09.01.1901, dotter til emissær og gardbr. Gunelius Nilssen på Sandnes ved Sandnessjøen. Dei har desse 5 born: Else Marie, f. 21.07.1927, Gunnar Johan, f. 20.11.1928, Johannes, f. 29.03.1930, Roald Magnus, f. 20.09.1933 og Gudrun i 13.01.1936.

Foreldra til desse borna har teke upp eit fagert nybygg, "Nordeng", umlag 1,5 km. nord for Tortenli og dei flutta dit 1934. Faren, Johan Linvik, er folkeskulelærar og styrar skuleinternatet på Varntresk, og lyt soleis bu mest der i skuletida. Han er sidan 1928 medlem av Hattfjelldal heradstyre. Mor hans, Ellen Marie Olsdotter, lever enno. Ho er 82 år gl. men er åndsfrisk og rørsleg.

2. Bryggfjelldalsætta

frå garden Innerdal i Bryggfjeldal i Korgen

Um denne ætta er det ogso av sume sagt at ho i gamal tid skal vera innflutta frå Jamtland I Sverike, men noko visst veit eg ikkje um dette. Dei fyrste eg veit litt um var desse:

1. Bonde Anders Andersen, g. m. ei som heitte Dortea, og dei budde på Innerdal. Deira born var desse som alle var f. på Innerdal:

a): Erik Anderssen; b): Otten Anderssen; c): Jørgen Anderssen;

d): Arnt Anderssen; e): Johanna Andersdotter; f): Gjertrud Andersdotter;

g): Maren Andersdotter.

Og dei av denne huslyden som eg veit litt nærmare um, skal eg no nemna litt um:

a): Erik Anderssen, f. 1750. Han skulde vera ei stor og sterk kjempa, over 3 alner høg. Han var i mange år i "kongens tjeneste", d.v.s. han var skattekrevjar åt kongen og reiste mykje på Austlandet og fram med riksgrensa mot Sverike. Folk trudde, som rimeleg var, at slik ein kar måtte java mykje pengar på seg. Han var då og ofte ute for overfall, so det mang ein gong gjekk på livet laust. Men han hadde all tid ein fylgjesvein med seg og dei var godt vepna med pistolar og sterke nevar, so det endte støtt med bane for overfallsmennene. Han gifta seg i 1801, 51 år gl. og budde sidan på garden Sæter i Sør-Rana. Sjå nærmare um etterkomarane under "Ættegreina frå garden Sæter i Sør-Rana".

b): Otten Andersen var g. m. ei som heitte Anne Olsdatter og dei budde heile si tid på Innerdal, som var farsgarden til Otten. Ogso han var ein kjempekar 3 alner høg og før og sterk, han kunde bera tvo salttunnor, ei under kvar arm. Han var ein framifrå bjønnskyttar og i den tida var det fælsleg mykje av bjønn og varg og andre udyr i skogane og Otten skaut 24 bjønnar med bjønnbørsa si. I den tida var det berre munnladningsbysor med flintlås og "loty" og ikkje patronar. Det var soleis seint å ladda og for å vera retteleg budd måtte ein hava med både eit bjønnsjot og ein sabel. Sjå seinare vidare um Otten Anderssens etterkomare frå garden Innerdal.

c): Jørgen Anderssen flutta til Bleikvassli året 1800, då han var 40 år gl. Sjå nærmare um han og etterkomarane hans i Ættegreina frå Bleikvassli.

d): Arnt Anderssen busette seg på Villmoen i Korgen. Meir veit eg ikkje um han.

e): Johanna Andersdotter budde heime på Innerdal ug. og vart 100 år gl. - Ho vart og kalla "Gamal-Janna". -

f): Gjertrud Andersdotter kom til Bjurselvmo i Korgen. Meire veit eg ikkje um ho.

g): Maren Andersdotter kom til Oldernes i Korgen..

Ættegreina frå garden Sæter i Sør-Rana.

Under 1 a) er fyrr nemd Erik Anderssen som busatte seg på garden Sæter. Han hadde sonen Anders Eriksen, f. 19.04.1802. Han budde på Sæter og hadde desse 5 borna: Edvard Andreas, f. 06.06.1838, Lornts Olaus, 21.05.1840, Benjamin Elias, f. 19.06.1842, Petrine Gurine, f. 20.07.1845 og Marit Kristine, f. 14.09.1856. Son åt Anders Eriksen, Benjamin Elias Anderssen, f. på Sæter, vart seinare garvar og stor forretningsmann på Hemnesberget der han d. 13.01.1928 og vart gravlagd 23.01 s. år.

Merknad: Ovannemnde Anders Eriksen var g. m. Bergitte Falk Benonisdotter, f. 16.02.1808.

Ovannemnde Benjamin E. Anderssen hadde berre eit barn, sonen Anders Anderssen, f. 08.08.1867 på Grønvik, der foreldra då budde, d. på Hemnesberget 28.05.1929, der han hadde halde fram med den store handelsforretninga etter sin far. Han var g. m. Kari Anderssen, f. Johansen Fagerslett, fr Eresford, Nessets prestegjeld i Romsdal. Ho var f. 15.01.1861. Dei har havdt desse borna:

1. Johan, f. 08.04.1887; 2. Laura Bergljot, f. 11.10.1891; 3. Aasta, f. 02.02.1896; 4. Egil Berg, f. 04.11.1898, d. 29.05.1908 ved drukning; 5. Torleif, f. 25.02.1901 og d. 08.02.1919.

Anders Anderssens dotter Laura Bergljot er g. m. lærar og kyrkjes. Wilhelm Theting på Hemnesberget, f i Tromsø 12.03.1877. Det har desse 4 borna:

1. Hallgerd, f. 31.05.1914; 2. Audhild, f. 25.10.1915; 3. Lidvor Både, f. 20.09.1917; Torgunn, f. 18.19.1921.

Nærmare um Otten Anderssen Innerdal og hans etterkomarar.

Otten Anderssen og kona Olsdotter, budde på Innerdal si heile tid, og dei hadde desse borna:

1): Dorthea Ottesen, f. 30.05.1801 på farsgarden Innerdal og d. 17.09.1872 på Jæktstrand i Sjona. Ho var g. m. jæktskipper Benjamin Hanssen, og dei dreiv og handelsforretning som eigentleg vart styrd av Dorteha då mannen oftast var på vidvank med jækta millom Lofoten og Bergen. Dorthea hadde ord for å vera sers evnerik og klok og ålvorleg religiøs. Dei hadde ikkje born. Benjamin vart seinare g. m. Jørgine Kristine, f. Norum, d. 29.06.1874.

2): Anders Ottesen, f. 18.12.1802, d. 06.04.1887, var g. m. Karen Johansdotter, f. 14.03.1810. Dei hadde farsgarden Innerdal og budde der heile si tid, var ålvorleg religiøse, nærmast Haugianarar. Dei hadde desse borna:

1. Kakob Jørgen Anderssen, f. 30.11.1835. Han og brørne, Ole og Johan, dreiv vinterfiske i Myken. Jakob var hovudsmann. Den 14.03.1867 kollsigla dei og hovudsmannen kom burt, men dei andre brørne vart berga etter ein hard tørn på båtkvelvet. Jakob var ug.

2. Maren Andersdotter, f. 23.01.1838. Ho reiste til U.S.A.

3. Olava Johanna Andersdotter. f. 10.05.1840. Ogso ho reiste til U.S.A. og d. der 23.02.1932. Ho var ug.

4. Ole Anderssen, f. 11.03.1842, d. 23.03 s. år.

5. Ole Anderssen, f. 07.03.1843, reiste til U.S.A. 1882 og livde der som farmar og ug. til sin død 16.02.1932.

6. Johan Arnt Anderssen, f. 21.01.1845, d. 26.10.1931. Han var g. m. Johanna Marie Ivarsdotter frå Smalsundmo ved Bleikvatnet. Ho var f. 30.05.1861 og d. 03.05.1930. Dei hadde farsgarden Innerdal og hadde desse borna:

1. Ole Kristian Johansen, f. 07.01.1884, d. 25.06.1938. Han hadde farsgarden Innerdal og var g. m. Kristine Dorthea Nilsdotter frå Enget ved Bleikvatnet, f. 16.10.1876. Dei hadde desse borna:

1. Ole Kristian Olsen, f. 04.11.1900.

2. Gjertine Johanna Olsdotter, f. 01.05.1903, g. m. Hans Jakobsen, Melemdal.

3. Hanna Pauline Olsdotter, f. 09.01.1905.

4. Astrid Karoline Olsdotter, f. 27.03.1907.

5. Ida Bech Olsdotter, f. 14.02.1909.

6. Jon Olsen, f. 02.08.1910.

7. Marie Ivara Olsdotter, f. 12.02.1912.

8. Kåre Daniel Olsen, f. 05.09.1915.

9. Ivar Oddgeir Olsen som er tvillingbror til

10. Olav Johan Anker Olsen, f. 02.03.1918.

11. Ingrid Kristine Anker Olsdotter, f. 27.10.1919.

Ein bror åt Ole K. Johansen: Anders Johan Johansen, var f. 1892 og d. 1916.

3): Anna Ottesen, f. 24.02.1804. Ho d. berre 18 år gl.

4): Ole Ottesen, f. 31.12.1805, d. nokso gl. men året veit eg ikkje. Han var g. m. ei Johanna frå Valla i Korgen, og dei budde på garden Sjøfors, ogso kalla Sjøforshålo, og dei hadde desse borna:

1. Anders Johan, f. 22.01.1837. Han var liten av vokster og liktest soleis på mora, men han hadde stort skjegg og var kunstmålar og bokbindar. Han måla soleis ei altertavla som lenge stod i kyrkja i Korgen. Han var ug. og budde si siste tid på Hemnesberget og d. der.

2. Ole Andreas Olsen Sjøfors, f. 03.03.1841, budde på Sjøfors og var g. m. sitt syskendbarn, Kjerstine, f. 27.05.1848 på Sundsli ved Røsvatnet og var dotter til Jon Ottesen frå Innerdal. Ho var d. mange år fyrr. Dei hadde desse borna:

a) Olaf Olsen Sjøfors.

b) Maren (Malla) Olsd. Sjøfors, f. 10.06.1874.

c) Johanna Dorthea Olsd., f. 13.10.1878.

d) Anna Olsd. Sjøfors er d.

Under siste bokstav a) nemnde Olaf Olsen Sjøfors, f. 27.04.1877 på Sjøfors, er g. m. Anne Dorthea Larsdotter, f. på Eiteråholmen i Vefsn 14.05.1881, og dei har ein part av denne garden og har havt desse borna:

1. Brynhild, f. 24.09.1909.

2. Bjørn Olaus, f. 06.12.1911, d. 1915.

3. Harald, f. 25.03.1914.

4. Leiv Kåre, f. 23.10.1916.

5. Borghild Kjerstine, f. 09.03.1920.

Den under siste b) nemde Maren (Malla) Olsdotter Sjøfors er g. m. Martin Hågensen frå Utskarpen, f. 19.03.1876. Dei bur på garden Kjelen i Mo i Rana, og har havt desse borna:

Aslaug, f. 22.03.1903, g. og bur på Utskarpen.

Bergljot, f. 25.11.1905, er g. og bur på Skonseng i Mo.

Astrid, f. 30.12.1907.

Gudrun, f. 09.10.1909, d. 07.08.1927.

Odd, f. 06.06.1917.

Den siste under c) nemnde Johanna Dorthea Olsdotter er g. m. Thomas Johansen Kildal. Dei bur på Berntvika ved Hemnesberget. Deira born er

1. Jenny Marie, f. 23.05.1905, d. som lite barn.

2. Kaja Arnbjørg, f. 30.01.1908, er g. og bur på garden Vedåg i Leirvika.

3. Trygve Jentoft, f. 16.04.1909.

4. Harald Bang, f. 20.06.1911.

5. Olaf Jeger, f. 05.08.1914.

6. Håkon, f. 22.02.1918.

7. Gunnar, f. 16.01.1920.

Den 4. sonen til Ole Ottesen Sjøfors: Johan Petter Olsen, f. 03.10.1844, var g. og budde på Villmorabben i Korgen. Han stupte ned i ein brunn og druknad.

5): Erik Ottesen frå Innerdal, f. 05.03.1808, d. på Snekkevik på Dønnes 11.04.1846, 38 år gl. og gravlagt på Dønnes kyrkjegard. Han vart g. 09.05.1841 med Anne Kristense Pedersdotter frå Sørøya i Nesna. Han var då 33 og ho 20 år gl. Erik Ottesen var lærar og kyrkjesongar på Dønnes frå umlag 1830 til sin død. Si utdanning til lærar fekk han hos ein namngjeten og sers dugande skulemann, lærar og klokkar Nils Myhre ved Hemnesbergets faste skule, den einaste skulen då i Hemnes prestegjeld. Myhre d. 17.09.1844. Erik Ottesen var visst kjend som ein mykje dugande lærar. Då riksstyret i 1837 løyvde ein pengesum til premiar åt sers veltente lærarar, fekk Erik Ottesen, etter tilråding frå biskop Kjerschov, tildelt seg ei premie på 5 sped. (20 kr.) og det var mykje pengar den tid. Erik og kona hadde berre ei dotter som levde ei stutt tid etter faren. Erik søkte lærar- og klokkarposten etter Nils Myhre, men då skulde nett Hemnes og Mo delast i tvo prestegjeld og fyrr dette var heilt ordna døyde Erik Ottesen og Ole Fredriksen vart klokkar i Hemnes og Andreas Paulsen vart lærar og kyrkjesongar i Dønnes.

6): Maren Ottesen var f. på Innerdal 01.04.1813, g. m. bonde Sivert på Lille-Bjerka. Noko merie veit eg ikkje um ho.

7): Jon Ottesen, den yngste i Otten Anderssens huslyd på Innerdal, og f. på denne garden 03.01.181. Den 02.10.1843 vart han g. m. Maren Hass Johansdotter, f. på Almdal i Vefsn 15.07.1819. Sjå nærmare under "Ei ættegrein frå garden Sundsli ved Røsvatnet i Hattfjelldal".

Ættegreina frå Bleikvassli i Korgen.

Fyrr er nemnd Jørgen Anderssen, f. på Innerdal i Bryggfjelldal 1760. Han flutta i 1800 til Bleikvassli og busatte seg der. Han var fyrste gong g. m. Beret Olsdotter Blekvassli, og dei hadde desse borna:

a): Dorthea Jørgensdotter, f. 1801.

b): Anders Jørgensen, f. 1805.

c): Anne Jørgensdotter, f. 1809.

I 1813 vart Jørgen Anderssen g. m. Martha Elisabeth Olsdotter frå Fjelldal, Leirskaret i Korgen, og dei hadde desse borna:

d): Ellen Jørgensdotter, f. 1815.

e): Ole Jørgensen, f. 1814

f): Beret Jørgensdotter, f. 1818.

Etterkomarar av Jørgen Anderssen har fortald at han døyde nokso brått. Det var i ein liten dans i heimen. Sonen, Ole, var felespelar. Faren la seg på ein benk for å kvile, men brått datt han ned og var slokna med den same, truleg av hjarteslag.

Etter faren tok Ole Jørgensen over garden og hadde den til sin død i 1898. Han var g. m. Maren Eriksdotter frå Krokmo i Korgen, f. 1825, d. 1891.

Ole og Maren hadde desse borna:

a): Karen Nikoline Olsdotter, f. 26.11.1850, d. 1933.

b): Jørgen Andreas Olsen, f. 30.01.1852, d. ug. 1891.

Karen gjekk eit kurs ved L. M. Bentzens og H. K. Foosnæs folkehøgskule på Kvithamar i Stjørdal og ho var poståpnar i Bleikvassli frå 1898-1920. Ho var g. m. Lorents Nikolai Samuelsen frå Solhaug i Korgen og dei hadde hennar farsgard Bleikvassli og hadde borna:

a): Ragna Marie Lorentsdotter, f. 13.04.1883.

b): Maren Oline Lorentsdotter, f. 13.01.1888.

Ragna gjekk eit kurs ved Namdal folkehøgskule der Ludvig Benum var styra, og Maren gjekk eit kurs ved Fylkesskulen ig er sidan styrar ved telefoncentralen i Bleikvassli.

Ragna var fyrst g. m. ein bondeson frå Varenvatnet i Hattfjelldal, Jakob Berner Jakobsen, f. 14.06.1880, d. 1916. Dei hadde borna:

a): Erling Jakobsen, f. 10.07.1905.

b): Olav Jørgen, f. 24.02.1907.

c): Solveig Petrine Lund, f. 16.02.1913.

d): Jakob Reidar, f. 24.05.1915.

Den andre gongen vart Ragna g. m. ein bondeson frå Rabliås i Korgen, Ole Jakobsen, f. 28.06.1874 og d. 1920. Dei hadde borna:

a): Ragnar Jorulf Bang, f. 10.10.19--? d. 1921.

b): Ragna Olea, f. 05.06.1920.

Jakob Berner Jakobsen frå Varenvatnet var ein datterson åt Jakob Davidsen og kona, Beret Benonisdotter, båe frå Korgen, men dei budde ved Famvatnet i Hattfjelldal. Deira born var:

a): Ellene Birgitte Jakobsdotter, f. 23.06.1842, d. i desember 1937. Ho var g. m. Jakob Eriksen Varenvatnet, f. 1840, d. 1903.

b): David Kristian Jakobsen, f. 1844, var misjonsprest og budde på Ivory st., Madagaskar.

c): Benoni Jakobsen, f. 1847, d. 1923. Han var ei tid skulelærar, ein mykje god og klok mann.

Den fyrr nemnde Ole Jokobsen Rabliås var son åt bonde Jakob Olsen og kona, Beret Mikkelsdotter frå Bessedør. Ole var uvanleg musikalsk, gjekk ei tid i lære hos Chr. Lindermann, var organist i Korgen, songinstruktør og tok upp arbeidet for husflit i Sørfjellbygda og kring Røsvatnet.

Den fyrr nemnde Ellen Jørgensdotter, dotter til Jørgen Anderssen, var g. m. Ivar Davidsen frå Bjurselvmo og dei budde på garden Lille Bryggfjelldal.

Ei anna dotter til Jørgen Anderssen, Beret eller Birgitte, var g. m. A. P. Stabfors, og dei budde på Tjotta. A. P. Stabfors var son åt Peder Anderssen Stabfors og kona Aasel (Aashild?) Olsdotter.

A. P. Stabfors var f. 10.10.1815, d. 06.12.1896, og kona Birgitte, var f. 20.10.1818 og d. 01.02.1892. Han var mykje lovklok. Fyrst var han lærar, seinare handelsmann på Tjotta og var mykje nytta som bygdeprokurator. - Han og kona hadde desse borna:

a): Ursella, f. 18.05.1842, d. 1915, var g. m. skipper O. M. Iversen, Skarland i Vefsn, og budde der. Dei hadde tvo born.

b): Marthine Jørgensen Jul Stabfors, f. 24.12.1844, d. 10.10.1863.

c): Anette Nilssine Stabfors, f. 05.03.1847, d. 1918, var g. m. skipper Andreas Nilssen Våg. Dei hadde tvo born.

d): Ivar Chr. Anker, f. 23.12.1850, d. 25.12.1906. Han budde i Chicago, U.S.A., der han var fabrikkeigar. Han var g. og hadde 7 born.

e): Dorthea Olivia, f. Stabfors 02.07.1852, d. 31.06.1914. Ho var g. m. fyrvaktar Edv. Andreassen Tåvær i Tjotta.

f): Ludvig Stabfors, f. 05.08.1860, reiste til U.S.A. Han var g. m. Emilie Janson. Dei hadde tvo born.

g): Nils Johan Gerbrandt Stabfors, f. 28.11.1854. Han d. ung.

Dorthea Olivia og hennar mann, Edv. Andreassen, hadde desse 9 borna:

a): Marie Georgine, f. 1880, d. som barn.

b): Anker Bernhard, f. 17.04.1881, d. 1882.

c): Nils Johan Gerbrandt, f. 04.05.1883. Han er styrar av Sjømannsheimen i Trondheim og er g. m. Inga Gaustad frå Titran. Dei har ikkje born.

d): Astrid Birgitte, f. 20.09.1884, er g. m. uppsynsmann A. Sørheim i Verdal, f. 17.04.1881. Ikkje born.

e): Emilie Louise, f. 21.06.1887, er g. m. fyrvaktar R. Møller, Tjotta, f. 22.07.1883. Dei har 3 born.

f): Borghild Andresen, f. 22.10.1889. Ho er lærarinne ved Namsos folkeskule.

g): Thorleif Andresen, f. 02.08.1891, d. 27.06.1934. Han var fyrassistent og g. m. Mary Stjernholm frå Oslo. Ho bur no i Namsos, Dei hadde 3 born.

h): Edvarda Dorthea, f. 05.10.1893, d. 09.07.1913.

i): Ragnar Anker, f. 05.10.1895, d. i mars 1922. Han var underoffiser ved Oscarsborg festningar og var g. m. Alfhild Bjørklund frå Malmø. Dei hadde einson som no bur i Drøbakk.

Ættegreina frå Sundsli ved Røsvatnet

7): Fyrr er nemnd yngste sonen i Otten Anderssens huslyd på Innerdal, Jon Ottesen, f. 03.01.1818 og hans kone, Maren Hass Johansdotter frå Almdal, f. 15.07.1819. Dei vart gifte 02.10.1843. So byksla og rudde dei garden Sundsli og budde der i 20 år til 1868, då Ottesen vart tilsett som skogvaktar for "De Angelske Stiftelser" i Vefsn og budde so på skogvaktargarden Myrnes ved Fustvatnet. Jon Ottesen var storvaksen og sterk, ein dugande kropsarbeidar og sers evnerik. All hans skulegang var 8 dagar hos Nils Myhre ved den faste barneskulen på Hemnesberget, der dei som skulde fram til konfirmasjon vart samla frå heile prestegjeldet for å få litt fyrebuing. Jon var all sin dag ihuga for å samle kunnskap og han las og granska alle dei bøker han kunde få tak i, serleg bibelsoga og heimssoga, og han merkte seg snart ut som ein vidsynt mann på mange umkverve. Han vart då og snart med i ymse kommunale og offentlege gjeremål. Han var soleis forlikskommissær i Hattfjelldal 1850-52 og 1860-62, var med i Den kgl. matrikuleringskommisjon, og han var i fleire år ordførar i Vefsn og han møtte i amtsformannskapet (fylkestinget i Bodøy, der han og ved fleire stortingsval møtte som valmann for vinstre, og var i fleire år forlikskommisær i Vefsn. Han var mykje religiøs, og var Haugianar og Grundtvigianar. Han var og med i den Jåbækske bondereisinga og skipa "bondevenforeninger". Han kom tidleg med i fråhaldsrørsla, og alt i 1845 gav han ut eit skrift mot brennevinsbruken, og dette skriftet gjorde mange til fråhaldsfolk. Jon Ottesen og Maren Hass Johansdotter hadde desse borna:

1 og 2. Ei dotter, Anne, og ein son, Erik, som begge d. som små born.

3. Olaus, som skreiv seg O. J. Myrnes, var f. 24.07.1846, d. 06.02.1891 på sin eigedomsgard Langmo i Vefsn. Han var g. m. bondedotter Beret Danielsdottor frå Langjord i Vefsn. Ho var f. 08.03.1850 og d. i febr. 1905. - O. J. Myrnes var framifrå evnerik, og so snart han var konfirmert vart han tilsett som hjelpelærar i almuskolen i ymse grender Hattfjelldal i 6 år til han gjekk lærarskulen i Troms og vart dimitera i 1871. Han vart sidan tilsett som lærar, fyrst i Øvre Vefsn, so i krinsane kring Ømmervatnet i Øvre Drevja, og so den lengste tida ved Nedre Fustvatnet og Heilfjellbygda i Vefsn. Han gjekk eit kurs ved Statens gymnastiske Centralskule i Oslo og eit kurs ved O. Arvesens folkehøgskule på Sagatun, Hamar. Han var ein framifrå jæger, skilaupar og idrottsmann, møtte i Bodøy både som valmann og som lagrettemann, og var mykje på tale som stortingsmann for Nordland, og vart ogso vald som varamann, men d. so i sin beste alder, berre 44 år gl. Han og kona hadde desse borna:

a) Aslaug, f. 02.06.1879, d. 31.12.1900.

b) Magnhild, f. 08.01.1882.

c) Astrid, f. 04.06.1885.

d) Ragna, f. 15.08.1887, d. i juli 1918.

Astrid Myrnes (ovann. c) er g. m. bonde Harald Langjord, f. 18.11.1865, og dei har havt desse borna: Aslaug, f. 16.01.1905, Brynhild, f. 27.09.1910, d. 11.04.1934; Liv, d. 03.03.1919. - Aslaug er g. m. Sverre Remmen, f. 14.02.1907. Dei har no garden Langjord og har eit barn: Brynjar, f. 10.05.1935.

Dei ovanf. nemnde Harald og Astrid Langjord er no kårfolk. Dei har gått folkehøgskulen og har all si tid vore ihuga bondelagsfolk, norskdomsfolk og fyregangsfolk på mange umkverve.

Han var ogso nokre år i U.S.A.

4. Kjerstine Ottesen, f. 27.05.1848, hennar mann, Ole Andreas Olsen Sjøfors, og borna deira er nemnd fyrr etter Ole Ottesen Sjøfors.

5. Anne Ottesen, f. på Sundsli 21.10.1850, var g. m. bonde Lars Jakobsen frå Sæter i Herringbygda, f. 21.09.1851, d. 21.04.1921. Anne lever enno på deira gard Sovarnes saman med sine tvo døtrer, Olaug Marie, f. 12.06.1892, og Petra Otelie, f. 10.08.1895.

6. Johanna Ottesen, f. på Sundsli 22.01.1853. Ho var g. m. ein bondeson frå Veøy i Romsdalen, Peder Frayseth, f. 27.05.1849. Han var underofficer og politikonstabel i Trondheim, og han og Johanna reiste i 1886 til Milan, Minnesota, U.S.A., der dei tok farm. Han døydde 03.05.1911, men ho lever enno 1938. Dei har tvo søner: Prytz, som er f. 06.02.1888, gift og har mange born, og Sverre, som er ug. Sverre var med i verdskrigen på fransk side i tvo år frå 06.04.1917 til febr. 1919. Han var med i fleire harde slag, men kom uskadd heim att. Både Prytz og Sverre er store og sterke kjempekarar.

7. Johannes Ottesen, f. på Sundsli 12.06.1855, var og ei stor og sterk kjempa, 3 alner og 3 tummar høg og vog 120 kg. Han var underofficer og eit år politikonstabel i Trondheim, derpå eit år handelsbetjent og postekspeditør ved Sandnessjøen, og prøvde ogso Lofotfisket ein vinter. So reiste han til U.S.A. der han dreiv med ymse slags arbeid nokre år til han busatte seg som handelsmann i byen Clarkfield i Minnesota. Dei siste 16 år vart han meir og meir sjukeleg av neuralgi, han tolde vel ikkje det stille livet i ein butikk. Han prøvde all slags lækjarhjelp men fåfengd. So vilde han freista klimaet ved Stillehavskysten og budde ei stut tid hos syskenbarnet sitt, Ole Anderssen, men der slokna han del 08.04.1915 og er gravlagd i Alpha. Han var ug.

8. Erik Ottesen, nr. 2, f. 29.11.1858 på Sundsli. Han gjekk lærarskulen i Troms 1877-78 og var so vik. lærar um hausten i Vefsn og huslærar i Mosjøen til han våren 1879 vart tilsett som lærar i krinsane Austbø, Blomsøy og Husvær i Alstadhaug. Deretter var han lærar i Hemnes i 6 år i krinsane Drevvatnet, Leirvik og Straumen og so lærar og klokkar i Saltdal i 28 år til han nådde aldersgrensa 01.07.1919. Han flutta då til Namsos, kjøpte seg gard og lever no der som pensjonist. Men den tid var det slik skort på lærarar at Ottesen måtte til att i Ytre Namdal og var i tri år lærar der i krinsane Seierstad og Nordsundet. Soleis vart han i det heile lærar i 43 år.

Frå 01.04.1923 vart han tilsett som reisesekretær for fiskarane i Nord-Trønderlag og like so kassastyrar med det fyremål å skipa einskilde fiskarlag over heile fylket. Han reiste so i 9 år rundt i fylket på foredragsferd og fekk skipa "Nord-Trønderlag Fiskarlag" med 41 underavdelingar eller einskilde lag. Frå 01.01.1932 slutta han som sekretær, men heldt fram som kassastyrar til 31.05.1937. I Hemnes var han nokre år med i heradstyret, og det siste året ogso med i fattigstyret, og fekk dreve igjenom vegbyggjing frå Drevvatnet til Elsfjord og postopneri i Elsfjord. I Saltdal var han ein bolk med i likningskommisjonen og 6 år i heradstyret til han bad seg fri. I skulestyret var han med i 22 år som lærarane sin mann, og var forlikskommissær i 19 år, derav 5 som varamann. Han fekk saman med dr. Hanssen skipa Saltdal folkeakademi og var formann i dette nokre år. Han fekk og skipa Saltdal vinstrelag og var formann i dette i mange år. Han fekk ogso skipa fleire fråhaldslag og var mest alle år formann i det eldste av desse. Han var formann i Nordlands fylke av D. N. T.og fekk dette delt i tvo: Salten fylke og Lofoten-Vesterålen fylkge og var so formann i tilsaman 9 år. So vart han og kona sett til "Far og mor" for "Erik Børresens guttehjem" i Drammen våren 1908 og flutta dit. Men ut på hausten s. år sa dei frå seg denne plassen og flutta attende til postane i Saltdal, som dei ikkje hadde sagt frå seg. Ottesen var utsending frå Nordland til fråhaldsfolkets fyrste Landsting i Oslo, og var ogso på fråhaldsfolkets landsmøter: eit i Troms, eit i Narvik, tvo i Bodøy, eit kvar stad i Trondheim, Kristiansund, Haugesund og Stavanger, og tvo i Aalesund og tvo i Oslo. Han var og med på lærarkurs i Troms, Bodøy og Mosjøen, universitetskurs i Oslo, målkurs i Mosjøen og Namsos, lærarkurs i Seljord, landbrukskurs i Bodin og sløidkurs i Troms. I 1917 var han på eit forsvarskurs i Oslo og i 1917-18 heldt han kring 60 forsvarsforedrag på ymse plassar i Salten og Nordre Helgeland og var samstundes i 1918 vinstres ferdataler i Søre Salten valkrins då Anton Djupvik vart vald til tingmann for vinstre. Han var og valmann til stortingsvalet i Bodøy og ein gong nominera til valkandidat for vinstre, men Chr. Storjord vart vald, då han samla røyster både frå vinstre og høgre og arbeidarane, då alle trudde at han var deira mann. Men på stortinget reiv og sleit alle partia i han, og han fekk snart kjenne at det er ulagleg å tene tri herrar, og snart vart han galen og måtte sendast heim og ikkje lenge etter døydde han.

Erik Ottesen har vore fråhaldsmann i nære 50 år og har arbeidd mykje for fråhaldssaka. I 1919 og 1926 reiste han både i Namdal og Innherad som ferdatalar til forbodsavrøystinga og meire kunde nemnast, men dette kan vera meire enn nok til å syne at han var ei uroleg sjel som aldri har lege på latsida.

Erik Ottesen er g. m. Petra Margrete Gransmo, f. 27.02.1862, dotter til bonde Kristian Klaussen Gansmo og kona, Dorthea Myrmo, i Overhalla.

Petra Gansmo gjekk eit privat lærarinnekurs i Namsos og tok eksamen i 1879. Ho var so lærarinne i Vemundvik i Namdal frå nyttår 1880 til våren 1890, og var so lærarinne i Saltdal frå nyttår1892 til 01.07.1919, mest ved Rongnan folkeskule saman med Ottesen. Ho skipa i 1894 Saltdal barneavhaldslag "Håbet" og styrde dette på eit par år nær til sumaren 1919, og laget hadde då jamnast 100 lemar. Ho var i mange år styrar for barneavhaldslaga i Salten fylke av D. N. T., og i nokre år var ho og med i fylkesstyret. I 1896 skipa ho eit kvinneavhaldslag i Slatdal og styrde dette til 1919. Ho var i fleire år styrar for eit kvinnelag for "Den norske misjonsselskap". Ein periode var ho med i fabrikktilsynet og i fleire år med i styret for Sykepleieforeninga og i styret for Folkeakademiet. Ho var med stipend på eit kurs ved "Elen Ofstads Håndgjerningsskole" og dessutan på 8 lærarkurs, derav eit universitetskurs i Oslo 1895. Ho var lærarinne i vel 39 år. Som mannen er ho no pensjonist i Namsos, der dei har eiget hus.

9. Dorothea Ottesen (fru Hals) f. 20.05.1852 på Sundsli i Hattfjelldal, d. 23.09.1936, og vart gravlagd på Dolstad kyrkjegard ved sida av hennar foreldrar og hennar son Eilev. Ho var g. m. lærar Olaf Hals, Vefsn, som d. i sin beste alder. Dei hadde berre eit barn, sonen Eiliv, som d. som barn. Dorothea tok lærarinneeksamen i Namsos 1882 og var sidan lærarinne i Vefsn i nærpå 50 år, fyrst på umgang mest over heile heradet, men sidan den lengste tida i krinsane Halsøy og Øya. Dorothea var mykje åtgådd som ei sers klok og dugande lærarinne, og ved sidan av skulen hadde ho mange hugmål og gjeremål. Ho var i 17 år målsmann for lærarane i skulestyret til ho nådde aldersgrensa, og likeso var ho med i styret for "Lærarinneforbundet" i 9 år. Saman med fru pastor Riser fekk ho skipa den fyrste Tuberkuloseforening i Vefsn. So var ho fleire gongar med i styret for Mosjøen og Vefsn mållag. Ho var vegetianer og medi arbeidet mot viviseksjon og for "Dyrenes beskyttelse". Ho var medlem av I. O. G. T. og stridde mykje for fråhaldssaka og var utsending til mange Storlosjemøter. Ein losje i Møsjøen ordna med gravferda hennar på ein stilfull måtte og ein stor folkehop fylgde henne på hennar siste ferd.

10. Astrid Ottesen (fru Bjørnåli), f. 20.07.1865 på Sundsli, g. m. bondeson og lærar i Vefsn, Mikal Bjørnåli. Han var og stortingsmann for vinstre i Nordland i tri valbolkar, var so lensmann i Langesund og sist skattefut i Opland fylke til han nådde aldersgrensa.

Astrid Bjørnåli har vore med i styret for Mosjøen fråhaldslag og likeso var ho med i styret for Hålogaland fylke av D. N. T. i mange år. I valbolken 1917-1919 var ho med i Mosjøen bystyre, vald av fråhaldsfolket. Ho har vore med i fråhaldsarbeidet i 26 år og i mange år var ho med i styret for vinstrelaget og utsending til vinstres nominasjonsmøter då det var einmanns valkrinsar.

Astrid og Mikal Bjørnåli hadde berre ein son, Oddmund, f. 12.11.1891. Han har gått mykje på skule, soleis: Millomskule, folkehøgskule, landbruksskule, landbrukshøgskule, og han har havt statsstipend for å sette seg inn i landbruk i Noreg, Sverike og Danmark. Han var ei tid assistent hos ein av professorane ved Landbrukshøgskulen på Aas. Under verdskrigen var han tilsett som rasjoneringsinspektør i Nord-Noreg og etter at krigen var slutt, vart han tilsett som sekretær i Nordland Landbrukslag, Bodøy. Seinare vart han tilsett som fylkesagronom på Helgeland til denne posten vart nedlagd. Sidan kjøpte han seg gard på Sund i Sør-Rana.

Oddmund Bjørnåli har vore og er framleis med i forliksrådet, fattigstyret, jordstyret og i heradstyret og er no ordførar. Av staten er han tilsett som tilsynsmann for prestegardane og som taksasjonsmann for "Småbruk- og boligbanken" på Helgeland. Han har og vore nominera som stortingsmann for vinstre.

Oddmund Bjørnåli vart sumaren 1918 g. m. Anna Pettersen, f. 16.07.1889, dotter åt bonde og handelsmann Andreas Pettersen Glein og kona Jensine, f. Juul.

Oddmund og Anne har desse borna:

1. Atle, f. 25.04.1919.

2. Svein, 23.02.1921.

3. Aud, f. 21.10.1922.

4. Bjørg, f. 15.05.1924.

5. Målfrid, f. 03.02.1926.

Tillegg til ættegreina frå Eiteråholmen i Vefsn.

Kristine Larsdotter, f. 07.05.1876, dotter av Lars Holmen, er g. m. Karl Johnsen Aarstrand, f. 06.08.1874. Dei bur på Aursletta og har hatt desse borna:

1. Bjarne Andreas, f. 04.07.1903, g. m. Ellen Buvik og bur på Sæter i Visten.

2. Kåre Lund, f. 20.04.1905, g. m. Beret Buvik, Sæter og bur no på Aursletta.

3. Sverre Grønnbekk, f. 01.04.1908.

4. Johan Åsmund, f. 02.05.1910, d. 1916.

5. Lars Kristian, f. 24.04.1912.

6. Åslaug Solveig, f. 20.05.1914, d. eit år gl.

7. Gustav Benjamin, f. 01.06.1916.

8. Karen Åslaug Kristine, f. 29.10.1920.

Jenny J. B. Larsdotter, f. 06.10.1887, ogso dotter av Lars Holmen, er g. m. Anton Isaksen Meisfjord f. 18.03.1881. Dei bur på Bjørnmo i Eiterådal og har havt desse borna:

1. Gunnar Bernhardt, f. 08.07.1906.

2. Ingvald Lund, f. 10.09.1908. Han reiste i 1928 til Amerika og er g. i Alberta.

3. Asbjørn Johan, f. 20.09.1910, g. m. Anna Johansen, Hattfjelldal.

4. Olav Berg, f. 21.09.1912.

5. Karen Anna, f. 10.08.1914, g. m. Wilhelm Moen, Svenningdal.

6. Einar Torleiv, f. 19.03.1917.

7. Lars Jørgen, f. 08.11.1920.

8. Arne Johan, f. 03.06.1923.

Tillegg til ættegreina frå Bleikvassli i Korgen.

Jakob Peder Olsen Rabliås, f. 18.05.1846, g. m. Berit Mikkelsdotter, frå Bessedør, f. 13.09.1842, d. 1931. Dei budde på garden Rabliås i Korgen, der Jakob enno (1938) lever. Han og Berit hadde desse borna:

1): Ole Jakobsen, f. 28.06.1874, d. 03.03.1920. Han var g. m. Ragna Marie Lorentsdotter, Bleikvasli, og budde der.

2): Gunhild, f. 27.01.1878. Ho var g. m. Anders Antonsen frå Bleikvassli. Dei budde på Kongsdal der han d. 1918.

3): Mikal Kristian, f. 29.02.1880, g. m. Gunhild Larsdotter frå Laksforsmo i Vefsn, men dei bur på Ås i Bleikvassli.

4): Anna Johanna, f. 08.05.1882, d. 27.07.1927.

5): Jakob Bang, f. 24.02.1884, er ug. og bur på Rabliås.

6): Oleanna Martine, f. 17.09.1885, d. 15.03.1916.

7): Lydia, f. 26.03.1888, g. m. Klaus Kristiansen frå Bessedør. Dei bur på Rabliås.

Anders Bertin Antonsen frå Bleikvassli og kona Gunhild Jakobsdotter frå Rabliås er nemnd ovanfor, og dei budde på Kongsdal. Dei hadde desse borna:

1): Arne E. Anderssen, f. 26.04.1900. Han vart uppfostra hos sine besteforeldre Jakob Olsen og Berit Mikkelsdotter, og bur sidan på Rabliås, er g. m. Anne Jakobsdotter, dotter til Jakob Jonsen, Kvalbukta, og f. 11.08.1896.

2): Artur Deodor Anderssen, f. 05.02.1902, g. m. Anne Mikkelsdotter Ås, og bur på Kongsdal.

3): Bergljoth Bergitte, f. 17.11.1903, g. m. Johan Kristiansen frå Bessedør, og dei bur på Sandvik ved Bessedør, og dei bur på Sandvik ved Bessedør.

4): Åsta, f. 08.09.1908, g. m. Emil Berg frå Bleikvasslia, og dei bur på plassen Valum.

5): Gudrun, f. 08.09.1908, g. m. Steinar Kristiansen Sørbukt og bur på Nyheim ved Famnvatnet.

6): Anna Sofie, f. 24.05.1911. (Ho er abnorm.)

7): Ragnvald Jæger, f. 04.06.1913.

8): Antoni Bertin, f. 09.06.1915.

9): Oddbjørg Marie, f. 03.06.1917.

10): Ragnvald Jæger, f. 24.02.1906 og d. 1910.

Til slutt dette tillegg: Fyrr er nemnd Maren eller Malla Olsdotter frå Sjøfors i Korgen, f. 10.06.1874. Ho hadde ei dotter, Tordis, f. 16.12.1899, som vart adoptera og uppfostra av Erik Ottesen og kona, medam dei budde i Saltdal. Tordis gjekk på filkehøgskulen i Vefsn og på lærarskulen i Troms. Ho var so eit år lærarinne i Saltdal og eit år i Overhalla og er sidan 1920 tilsett ved kolkeskulen i Sandnessjøen. Ho er g. m. lærar Einar Skaga, f. på Skaga i Herøy 05.03.1895. Han gjekk lærarskulen i Levanger, tok eksamen 1921 og er seinare lærar ved folkeskulen i Sandnessjøen, Han og Tordis har sonen Eystein Oddvar, f. 23.05.1928.

------------

Med det eg no endar denne vesle ættetavla, helsar er alle mine slektningar med desse orda av Ivar Aasen:

Lat oss ikkje forfedrane gløyma

under alt som me venda og snu,

for dei gav oss ein arv til å gøyma,

han er større enn mange vil tru.

Og dei yngre i slekta helsar eg med denne uppmodinga: Medan De har foreldra i live, so skriv ned alt det dei kan fortelja um forfederna Dykkar, og skriv ned alt De veit um Dykkar syskend, so De seinare kan skriva vidare på ei ny og større ættetavle på det grunnlaget som eg her har skrive, men sett ikkje ut med dette til De vert gamle, slik som eg gjorde! I alderdommen, når minnet sviktar, fell arbeidet so mykje tyngre. Skriv difor i ungdommen! Det vil De sjølv hava glede av seinare.

Til slutt takkar eg alle som har hjelpt meg med meldingar og dermed gjort arbeidet lettare for meg, og eg send Dykk alle mi varmaste og beste helsing.

Namsos den 8. august 1938.
Erik Ottesen.

---------------------------------------------------------------------------------------

Skrevet inn på nytt utfra heftet som var trykt hos J. Røbergviks Prenteverk, Namsos, trolig i 1938. De eneste endringene i teksten som er gjort er formatet på datoene som nå er på formatet dd.mm.åååå.

Forkortelser:
f. = født
d. = døde
g. m. = gift med
ug. = ugift

Juli 1999 - J. P. Fagerback, Oslo